Den komplette feriestad – I hjartet av dei Norske alpane

På Standaleidet kan hyttedraumen verte virkelig.
Her kan du finne ro i eit heilt utruleg flott landskap!

Ynskjer du å kjøpe tomt og bygge hytte sjølv? Prosjektet på Standaleidet omfatter 52 sjølveigartomter der du sjølv bestemmer korleis di draumehytte skal sjå ut. For dei som vil pakke sekken og komme til ei ferdig og innflyttingsklar hytte, har vi 21 hytter som blir levert nøkkelferdig. Ein god del av desse er allereie solgt.

Mange meiner at det er her ein finn det flottaste turområdet på heile Sunnmøre, både sommer og vinter. Her kan du ha hytte på fjellet og båt ved fjorden, bare 4,5 km unna.